Heim >
Om Astrid Årdal

Om Astrid Årdal

Kven er Astrid Årdal?

Eg er ein naturglad vestlending med læring som interessefelt. Og med læring som interessefelt. Gjennom livet har eg hatt gode lærarar, og mindre gode, som alle har det til felles at eg har lært av dei. Som ung lærar møtte eg elevar som tok kunnskap lett, og andre som trengte meir tid på læringsprosessane sine.

I arbeidet med barn som hadde ei langsam læringstakt, fekk eg innsikt i at den rådande opplæringa ikkje var god nok for desse barna. Eg har sidan den gong arbeidd for å fremme kunnskap om individuelt tilrettelagde læringsmiljø for barn med spesielle behov.

Eg hadde pedagogisk utdanning og lang erfaring som lærar frå ulike skuleslag og læringsnivå, då eg på 90 talet tok til som klassestyrar i ei grunnskuleklasse der elevane var diagnostiserte som multihandikappa; seksåringar med store læringsutfordringar. Desse barna hadde ikkje verbalt språk, og funksjonsnivået var mykje lågare enn levealderen. Barna hadde det tilsynelatande fint på skulen, men eg forventa meir læring/utvikling enn det eg såg. 

Gjennom feldenkraisutdanninga i Nederland hadde eg erfart korleis det vart arbeidd med handikappa barn sin motorikk. Eg tok i bruk denne metoden, som ikkje var behandling, men ein læringsmetode for å «vekke» hjernen til å gi kroppen signaler om nye rørslemønster. Eg såg i barna sine augo at dei følgde med, og skjøna at potensialet deira var større enn det kunne sjå ut som. 

Vidare deltok eg på Dr. Lilli Nielsen si kursrekke I-III om Aktiv Læring. Slik fekk eg meir kunnskap om funksjonskartlegging, og tilrettelegging av individuelt tilpassa læringsmiljø. Gjennom å bruke Aktiv Læring fekk eg erfare at  læreprosessar hos elevane kom i gang.

Eg tok hovudfag ved Institutt for Pedagogikk i 2007. Same året oppretta eg Institutt for Aktiv Læring, og har sidan den tid arbeidd med kurs og rettleiingsverksemd i Danmark og Norge.

Medlem:

  • Utdanningsforbundet
  • NFAFP – Norsk Forbund for Autoriserte Feldenkraispedagoger

«Our brains organize all that we do. They create order out of chaos and make sense of the constant flow of stimulation coming our way»