Institutt for

Aktiv Læring

Aktiv Læring er basert på dynamisk og systemisk tenking. Samt nyare forsking om hjernens plastisitet og evne til reorganisering/læring.

Min visjon

Alle barn, uavhengig av diagnosar og funksjonsnivå, skal ha eit godt liv med tilgang på læring og utvikling.

Kven er Astrid Årdal?

Når læring er målet

Astrid er lektor i pedagogikk og har skrive hovudfagsoppgåve om opplæring for barn med spesielle behov. Ho har praktisk erfaring frå arbeid med denne elevgruppa i skulen. Vidare er ho er ho utdanna feldenkraispedagog med tilleggsutdannig for å støtte barn si motoriske læring. Sidan 2007 har ho drive Institutt for Aktiv Læring med kurs og undervisning i Norge og Danmark. 

Er du foreldre eller fagperson som treng hjelp med opplæring for barn som har ulike læringsutfordringar, ta kontakt med Astrid. Oppgåva «Tilgang på læring» er tilgjengeleg for kjøp. Ønskjer du eit eksemplar? Ta kontakt!

Undervisning

Tilgjengelige moduler

Privat personer og instutisjoner

Privat personer og instutisjoner

Privat personer og instutisjoner

Multisensorisk læring

Aktiv Læring

Når vi legg til rette læringsmiljø for funksjonsnivå før skolemoden alder må ein ta omsyn til at læring på dette nivået er multisensorisk Flest mogelege sansar må kunne nyttast samstundes. Det bidreg til variasjon. Fleire deler av hjernen blir aktivert og læringa gir betre resultat.

"Evnen til at bevege sig er en nødvendig forutsætning for al læring. Ingen færdighed kan tilegnes uden udførelse af de bevægelser, der er nødvendige for den givne færdighed.”

Start video
Motorisk læring

Feldenkraismetoden

Er ein læringsmetode som byggjer på erfaringsbasert forståing av kroppsleg læring og utvikling. Den tek utgangspunkt i korleis barn lærer seg motoriske ferdigheiter. Dr. Moshe Feldenkrais som utvikla metoden kallar denne læringa organisk. 

Ein feldenkraispedagog kan støtte den organiske læringa. Ved hjelp av sakte og presis berøring kan ein «vekke» hjernen til å skape kontakt med ulike deler av kroppen så barnet kan lære å bevege seg betre. Filmen viser dette arbeidet.

«Nothing happens until something moves»