Feldenkrais
Feldenkraismetoden
Metoden tek utgangspunkt i korleis små barn lærer å bevege seg. Det er ein pedagogisk metode for kroppsleg læring og reorganisering etter skade, feilbelastning og diverse medisinske diagnosar. Den israelske fysikaren Dr. Moshe Feldenkrais som utvikla metoden meinte at menneske si evne til å bli frisk er vår mest spesielle kvalitet. Dette er i samsvar med nyare kunnskap om hjernen sin plastisitet og evne til omstrukturering.
Utdanning til Feldenkraispedagog er erfaringsbasert. Gjennom strukturert undervisning av bevegelsessekvensar lærer pedagogane å kjenne dei ulike utviklingsfasene barn gjennomgår i første leveår. Metoden blir undervist på to måtar:
ATM (Awarenes Trough Movement) og FI (Funktional Integration) For meir informasjon: https://feldenkraismetoden.no.
"Movement is life; without movement life is unthinkable"
Dr. Moshe Feldenkrais
Feldenkrais for Barn
Som ung jente fekk eg ein ryggskade (skoliose) som vart følgt opp på Kysthospitalet i Hagevik ved Bergen. Der fekk eg kunnskap om kor viktig det var med motorisk aktivitet og bevegelse for å unngå operasjon eller å måtte nytte korsett. Slik starta interessa mi for motorisk læring. Eg var utdanna Feldenkraispedagog i 1995.
Feldenkraispedagogen Anat Baniel (NeuroMovement) har lang erfaring i arbeidet med barn og har skreve boka «Kids Beyond Limits» om dette arbeidet. Ho seier:
«By shifting the focus to connecting rather than «fixing», this powerful yet simple method helps both children and parents de-stress, focus, and grow. Most of all, it helps all children maximize their potential, no matter what their dignosis».
I Europa har Nancy Aberle, Zurich, vidaregåande utdanningar for feldenkraispedagogar som arbeider med barn. Eg har delteke på ei slik utdanning, og sett korleis barn har får hjelp av denne metoden. I videoane under blir arbeidet demonstrert av ulike pedagogar. Foreldre fortel også korleis barna har fått hjelp av metoden.
Moshe Feldenkrais
Nancy Aberle
Anat Baniel
"From Fixing to Connecting"
Anat Baniel