Aktiv Læring
Aktiv Læring
Aktiv Læring er eit pedagogisk opplæringssystem for alle som har krav på individuelt tilrettelagde læringsmiljø. Det gjeld småbarn, skulebarn og vaksne som har eit lågt kognitivt og motorisk funksjonsnivå. All læring på dette nivået er indrestyrd og nært knytt til eigen aktivitet og erfaring.
Dr. Lilli Nielsen, Danmark har utvikla dette systemet som er nytta over heile verda. Det består av i fire deler, og modellen viser korleis filosofi, teori og ulike hjelpemiddel må ta utgangspunkt i det same kunnskapsparadigmet om læringsmiljøet skal fungere.
I – Filosofi/teori
II – Pedagogiske hjelpemiddel
III – Perseptuelle/dynamiske læringshjelpemiddel
IV – Barnet sitt individuelt tilrettelagde læringsmiljø
«Det vi må lære før vi kan gjere det, det lærer vi ved at vi gjer det»
Aristoteles
I - Filosofi - Teori
I samsvar med filosofien tek opplærings modellen utgangspunkt i pedagogisk teori rundt disse tre hovedpunkta:
I – Alle kan lære noko
II – Alle lærer på same måte
III – Alle lærer gjennom eigen aktivitet
“Filosofien bag Aktiv Læring er, at barnet, hvis det får mulighed for at lære sig fra sin egen udforskning og eksperimenteren, vil tilegne sig færdigheder, som bliver dele af dets personlighed og som sådan naturlige for det at bruge i interaktion med andre og til at dekke egne behov, og gradvis bliver i stand til at reagere relevant på instruktioner og undervisning, med andre ord, blive så uafhængig som muligt”
Dr.Lilli Nielsen
II - Pedagogiske hjelpemiddel
Alle barn med spesielle behov som har ei langsam lærings- og utviklings takt, har krav på spesialpedagogisk hjelp og tilrettelegging. Dette er barn med ujamn utviklingsprofil, og funksjonsalder lågare enn levealderen, Det er ei omfattande pedagogisk utfordring og heilt nødvendig med grundig kartlegging for å finne utgangspunktet for læringsprosessane. Vi nyttar «Funktionsskema» (Nielsen 2000) i dette arbeidet.
Lilli Nielsen har skreve heil rekke andre bøker som også er nyttige i dette arbeidet. Dei fleste bøkene kan lastast ned her.
«Læing er den proces, der sker i barnets hjerne, når det har mulighed for at udføre alle de dele der er nødvendige for at opnå en færdighed»
Dr.Lilli Nielsen
III - Motoriske læringshjelpemiddel
«Dynamical System Approach»
Dei hjelpemiddel vi nyttar i dette arbeidet byggjer på teoriar som argumenterer for at stimuli og trening styrkjer dei nerveforbindelsane som blir brukte. Menneskekroppen er eit dynamisk system som lærer gjennom eigen aktivitet. Hjernen organiserer alt vi gjer, og motorikken er på eit vis motoren som driv fram all annan utvikling. Barn treng hjelpemiddel som gjer dei i stand til å bevege seg, for å utvikle den bein-/ muskelstyrke og balanse, som skal til for å lære seg funksjonelle ferdigheiter.
"The human being can develop new brain cell throughout life, but only while self-active"
Dr. Gerald Edelman
IV - Praksis - Læringsmiljøet
Læringsmiljøet må leggjast til rette i samsvar med den næraste utviklingssona for på dei ulike funksjonsområder slik figuren viser. Den kroppslege/organiske læringa skjer i eit nært samspel med den kognitive utviklinga. Læring på dette nivået er multisensorisk, det vil seie at den lærande må kunne nytte fleire sansar samstundes.
Gjennom leik og sjølvstendig aktivitet «konstruerer» barnet sin eigen kunnskap, som blir varig og kan overførast til nye situasjonar. Slik er det at det dei erfarer blir varig og fører til utvikling.
"Allow the learner to be self-active. Provide him with environments encouraging him to become aktiv"
Dr.Lilli Nielsen