Aktiv Læring

Alle små barn lærer på same måte. Gjennom sin eigen aktivitet, men i motsetnad til det normalfungerande barnet si utvikling som nærast går “av seg sjølv”, krev utviklinga til barn med langsam læringstakt at læringsmiljøet blir nøye tilrettelagt. Barnet si utvikling er avhengig av at det har tilgang på læring.

Cand. polit. Astrid Årdal som har hovudfag i pedagogikk har lang erfaring med dette arbeidet frå skolen, teoretiske studier, rettleiings- og kursverksemd. Ho har fokus på å knyte saman teori og praksis. Kvar skal ein starte, korleis skal det gjerast, og kvifor?

Ulike tilbod  finn de nedanfor. Ta kontakt for nærare informasjon.

”We are in the early stages of a Brain Plasticity revolution”
Michael Merzenich PhD

Innføringskurs

Innføringskurs om Aktiv Læring – Frå  Filosofi til Praksis – er opne kurs som blir arrangert ulike stader i Noreg og Danmark.

Målgruppene er foreldre og fagpersonar  som arbeider med, eller har ansvar for, opplegg og tilrettelegging i barnehage, skole eller andre institusjonar.

Kurset kan også tingast og haldast på arbeidsplassen.

 

”Det trengs heilskap, samanheng og kontinuitet”
Ellen Key

Innføringskurs – modulbasert

Dette er innføringskurs som ovanfor, men er modulbasert og inkluderer videorettleiing.

Målgruppa er personalgrupper i barnehage, skole eller andre institusjonar som samla ynskjer å utvikle ein praksis med større eigenaktivitet hos barn/elevar.

Kurset føregår på arbeidsplassen over 2 skoleår.

1  år: 5 gonger à 3 timar
2  år: 3 gonger à 3 timar

Personalgruppa gjennomfører funksjonskartlegging og tek video i periodane mellom modulane. Evaluering og drøfting er sentralt.

”Grib og du kan begribe”
Dr. Lilli Nielsen

Motorisk læring og utvikling

Barn si tidlege motoriske utvikling og læring er spesielt viktig. Den er indrestyrd og skjer i overlappande fasar som byggjer på kvarandre. Gjennom eiga erfaring i leik og samspel med omverda lærer barnet nye ferdigheiter.

Dette kurset er ein kombinasjon av teori og praktisk bevegelseserfaring der kursdeltakarane gjennom tydeleg instruksjon får erfare korleis deler av desse tidlege fasane i motorisk utvikling fungerer.

Målgruppa er foreldre og fagpersonar.

Kurset kan også tingast og arrangerast for personalgrupper.

”Nothing happens until something moves”
Albert Einstein

Individuell rettleiing

Tilbod om individuell rettleing i tema innanfor opplæringssystemet Aktiv Læring.

  • Kartlegging
  • Tilrettelegging av læringsmiljø
  • Bruk av dynamiske hjelpemiddel
  • Videorettleing

Målgruppe er foreldre og institusjonar som ynskjer å støtte læringsprosessane til barn med langsam læringstakt.

”Du kan ikkje lære eit menneske noko, du kan berre hjelpe det til å finne det i seg sjølv”
Galileo Galilei