Feldenkraismetoden

Feldenkraismetoden er en læringsmetode som byggjer på erfaringsbasert forståing av kroppsleg læring og utvikling. Den tek utgangspunkt i korleis barn lærer seg motoriske ferdigheiter. Moshe Feldenkrais kallar denne læringa
organisk. Slik læring er sakte og ubekymra og ikkje knytt til vurdering om godt eller dårleg resultat. Den har ikkje ei openberr hensikt eller mål, men er leia av ei tilfreds kjensle av at noko er godt og behageleg. Ein baby vel berre å halde
fram med å rulle frå side til side så lenge ikkje nervestrukturane har modnast og utvikla seg tilstrekkeleg til å gjere andre rørsler mogelege. For meir informasjon: www.feldenkraismetoden.no

Feldenkraispedagog Astrid Årdal

Eg vart utdanna feldenkraispedagog i Nederland i 1995 der Mia Segal var min lærar. Ho driv MBS Academy (Mind Body Study) og har utdanningar over heile verda. www.mbsacademy.org Feldenkraismetoden blir mykje nytta for å hjelpe barn med ulike former for lærevanskar. I utdanninga såg eg dette arbeidet demonstrert, og eg nytta sjølv denne metoden då eg arbeidde med multihandikappa barn i skolen. Feldenkarismetoden var bakgrunnen for at eg så raskt skjøna Lilli Nielsen sitt arbeid Aktiv Læring, som også tek utgangspunkt i motorisk læring og nyttar dynamiske hjelpemiddel. Når eg nyttar feldenkraismetoden så er det ikkje for å behandle eller ”fixe” barnet, men for å hjelpe det til å lære seg motoriske ferdigheiter. Mia Segal forklarar dette i denne filmen der ho arbeider med Hannah som har CP.

Ta kontakt om de ynskjer time hos meg for barnet dykkar. Eg kombinerer ”hands on” arbeidet med rettleiing om tilrettelegging av læringsmiljø etter Lilli Nielsen sitt opplæringssystem Aktiv Læring