Loading...

Aktiv Læring

Er eit idividuelt tilpassa opplæringssystem for alle med langsam læringstakt (multihandikap) på funksjonsnivå under 48 mnd. Systemet er utvikla av Dr. Lilli Nielsen, Danmark, og er i samsvar med Opplæringslova (§1-2.) som seier: “Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven….”

Det handlar om å legge tilrette for eigenaktivitet på riktig funksjonsnivå: “Filosofien bag Aktiv Læring er, at barnet, hvis det får mulighed for at lære sig fra sin egen udforskning og eksperimenteren, vil tilegne sig færdigheder, som bliver dele af dets personlighed og som sådan naturlige for det at bruge i interaktion med andre og til at dekke egne behov, og gradvis bliver i stand til at reagere relevant på instruktioner og undervisning, med andre ord, blive så uafhængig som muligt” (Nielsen 2001)

Langsam læringstakt – Funksjonskartlegging

I ein pedagogisk samanheng er det meir relevant å snakke om langsam læringstakt enn å nytte nemninga multihandikap. Grunnen til dette er at alle barn, meir eller mindre uavhengig av medisinske diagnosar, lærer på same måte. Utfordringa er å finne funksjonsnivået, og så legge tilrette læringsmiljø etter dette.

Leiken til dei tre borna på biletet viser at dei på litt ulike måtar eksperimenterer med grenser og romforståing, og dei nyttar sin eigen kropp til å eksperimentere, erfare og lære. Dette er noko alle barn gjer når dei er mellom 9-12 mnd. I Funktionsskema (Nielsen 2000) finn ein dette under Spatial Perception.

To av borna er ca. 11 mnd. Hos dei er funksjons- og levealder samanfallande. Det tredje barnet er ca 12 år, og har eit avvik mellom funksjons- og levealder. Dette er eit barn med langsam læringstakt som leikar på same måte som dei andre, fordi det er der det er i utviklinga si.

Scottish Sensory Centre

Dr. Lilli Nielsen, Danmark

– ein pioner innafor pedagogisk utviklingsarbeid –

Gjennom meir enn 40 års forsking og studier, hovudsakleg innanfor faga medisin, psykologi og pedagogikk, har Dr. Lilli Nielsen (1926-2013) utvikla opplæringssytemet Aktiv Læring som i dag er nytta over heile verda.

Aktiv Læring er basert på dynamisk og systemisk tenking. Samt nyare forsking om hjernens plastisitet og evne til reorganisering/læring.

Lilli Nielsen har formidla kunnskap om Aktiv Læring til enkeltfamiliar som hadde fått eit funksjonshemma barn, samt til fagfolk på ulike kurs, konferansar og universitet rundt om i verda. Dette biletet av henne er teke på Scottish Sensory Centre ved Universitetet i Edinburgh i 2001

Ein kan dele arbeidet hennar i tre kategoriar:

I Bøker
II Pedagogiske hjelpemiddel
III Perseptuelle/dynamiske hjelpemiddel

Bøker & Pedagogiske hjelpemiddel

Nielsen, Lilli (1977). På vej mod en metodik (artikkelsamling)
Nielsen, Lilli (1983). Mens vi venter.
Nielsen, Lilli (1988). Spatial Relations in Cogenitally Blind Infants.
*Nielsen, Lilli (1990). Er du blind? København
*Nielsen, Lilli (1991). Rummet og Jeg èt. København
*Nielsen, Lilli (1994).  Grib og du kan begribe
*Nielsen, Lilli (1998). 730 Lærings-miljøer The FIELA Curriculum
*Nielsen, Lilli (2001). Tidlig læring trin for trin.
Nielsen, Lilli (2010). Communication: A Basic Part of Active Learning (artikkel)
*Nielsen, Lilli (2000). Funktionsskema.
Nielsen, Lilli (1998).  The FIELA Curriculum (perm/tavle)

Bøkene med * er frigitt og kan lastast ned her!

Perseptuelle hjelpemiddel

Motorisk læring er indrestyrd og skjer ved at barnet er i bevegelse gjennom sin eigen aktivitet. Fordi kroppen er eit dynamisk system lærer den ikkje motoriske ferdigheiter ved bruk av statiske hjelpemiddel.

Alle desse hjelpemiddela er utvikla med tanke på at barna på ulike måtar skal kunne kome i posisjonar for å kunne utvikle seg motorisk  i eit tilrettelagt læringsmiljø som er i samsvar med det funksjonsnivået dei er på.

Forhandlar:
Hjelpemiddelspesialisten

Aktiv Læring – korleis kome i gang?

Har du som foreldre eller fagperson fått ansvar for eit funksjonshemma barn og ynskjer å nytte Aktiv Læring, er barnet sin eigen aktivitet det sentrale. Det er ikkje altid like lett som det høyrest ut, men vi som har arbeidd med dette har sett og erfart at læreprosessane kan kome i gang.

Last ned Funktionsskema lenge oppe på denne sida. Start kartlegging og finn ut kva funksjonsnivå barnet har. Aktiviteten startar der barnet er i utviklinga si.

Søk om dynamiske hjelpemiddel. Søk kunnskap gjennom litteratur, andre foreldre eller fagfolk som arbeider med dette. Gå på eit kurs, hald fram med tilrettelegginga, bruk video, og evaluer: Er læringsmiljøet godt nok tilpassa slik at barnet lærer?

Artiklar om Aktiv Læring her:
«Frå Handleiing til Aktiv Læring»  (Årdal, Spesialpedagogikk 1/ 2010)
«Med blikk på framtida» (Årdal, Spesialpedagogikk 10/ 2010)

Opplæringssystemet består av fire deler som blir gjennomgått på innføringskurs:

  1. Kunnskap om pedagogisk filosofi & teori som systemet byggjer på.
  2. Handlingskunnskap – The FIELA Curriculum som krev at ein:
    • kartlegg funksjonsnivået
    • utarbeider individuelle opplæringsplanar (IOP)
    • utarbeider og legg til rette individuelle læringsmiljø
  3. Bruk av perseptuelle/dynamiske hjelpemiddel
  4. Eigenaktivitet og aktive læringsprosessar
    • kontinuerleg evaluering

Intervju med Astrid Årdal