Systemretta opplæring for barn med langsam læringstakt

AKTIV LÆRING

Kurs i Ganddal (Sandnes) 8.-9. mai 2019

v/Astrid Årdal

IMG_6784IMG_4352 2UNADJUSTEDNONRAW_mini_ac8

 

Små barn lærer gjennom leik og eigenaktivitet

Dei eksperimenterer med gjenstander i det fysiske miljøet, og dei kommuniserer med menneska dei har rundt seg.
Dette gjeld alle barn, også barn med ulike diagnoser, som til dømes barn med multihandikap.
Det er ikkje slik at handikappa barn lærer på ein annan måte enn andre. Det som er ulikt er at barn med ei
diagnose har ei langsam læringstakt.
Læring og utvikling tek lenger tid.

Det er funksjonsalderern og ikkje levealderen som er avgjerande når ein skal lage læringsmiljø for desse barna.

Lilli Nielsen sa dette på ein konferanse i Australia i 2003:

«Although the diagnostic profile is an important instrument for the recognition and
understanding of why the child is so unresponsitive, or seems to have
developmental problems the effort of making a diagnosis must never be more
important than the effort of providing the child with opportunities to learn»


 

Kartlegging av funksjonsnivå

Det grunnleggjande i all læring og undervisning er at ein må starte der barnet/eleven/den
voksne er. Det er eit kjenneteikn ved barn som har ein utviklingshemming, at dei har ein
ujamn utviklingsprofil. Difor må mange funnksjonsområde kartleggjast for å lage gode læringsmiljø.

På kurset går eg grundig gjennom ”Funktionsskema” (Nielsen 2000) som kan lastast ned frå
nettet. Deltakarane vi bli i stand til å kartlegge og lage ein utviklingsprofil som denne:

fig. 4-page-001


 

Bevegelse er hjernen sitt språk

Sjølvproduserte bevegelsar er nødvendig om ein skal utvikle seg godt motorisk. Hjernen er
plastisk og kan endre seg også ved skalde. dette gjev håp for mange. Kurset legg vekt på å
vise korleis ein kan nytte ulike hjelpemiddel som gjer barna i stand til å kunne bevege seg
sjølvstendig og slik utvikle seg motorisk.

Perseptuelle-hjelpemiddel-e1422545406341

Filmen under viser korleis ein legg til rette for motorisk læring ved hjelp av hoppsadress:

 


 


 PÅMELDING

Velkommen til kurs!

Påmelding via knappen nedanfor